AnalyseEit forsvar på sotteseng

Tor Ivar Strømmen02/11/20221414 min
En fregatt, en korvett og et mineryddingsfartøy fra Marinen utenfor Bodø under Flotex 2017. Foto: JAKOB ØSTHEIM/FORSVARET
PRESSEBILDE: En fregatt, en korvett og et mineryddingsfartøy fra Marinen utenfor Bodø under Flotex 2017, på ett av Forsvarets egne bilder som er tatt til mediebruk. Men virkeligheten ser mindre imponerende ut, under overflaten. Det bør oftere fram i lyset, mener forsker og marineoffiser Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskolen. Foto: JAKOB ØSTHEIM/FORSVARET

«Få på lågare nivå i Forsvaret kjenner seg igjen i dei bileta leiinga og departementet presenterer av stode og utvikling», skriver doktorgradsstipendiat, forsker og marineoffiser Tor Ivar Strømmen ved Sjøkrigsskolen. Han mener lite foreløpig tyder på at politikerne skjønner de må ta lang kraftigere tak dersom de skal rette opp år med sulteforing av Forsvaret.

Av TOR IVAR STRØMMEN / forsker/Phd-kandidat, Sjøkrigsskolen

Frå 1. november 2022 har Forsvaret gått inn i fase 1 – dvs. vernebuingstiltak for ei tryggleikspolitisk krise (altså ikkje ein utfordrande tryggingspolitisk situasjon som statsministeren prøvde å ordvaske det som). Eit faseskifte som nok helst skulle ha kome for lenge sidan, men når det endeleg kom så bør landet vere glad for tiltaka. Dette tiltaket gir Noreg noko betre handlingsrom i møte med diffuse og samansette trugslar. Det er det liten tvil om, men dette faseskiftet synleggjer diverre også heilt andre og svært alvorlege tilhøve.

Eit Forsvar som har blitt sveltefôra gjennom år av ei politisk leiing utan forståing for korkje trugslar, krigens krav, kva me skal forsvare eller kva den faktiske operative statusen til Forsvaret er.

Det me ser no er først og fremst eit resultatet av eit Forsvar som skrudd saman for fredstidsdrift utan særleg evne til å gjennomføre skarpe operasjonar og å stå slike operasjonar over tid. Eit Forsvar som har blitt sveltefôra gjennom år av ei politisk leiing utan forståing for korkje trugslar, krigens krav, kva me skal forsvare eller kva den faktiske operative statusen til Forsvaret er. At me er komen i denne stoda er sjølvsagt eit politisk ansvar – eit ansvar som bør kvile som ei tung bør på Stortinget og ulike regjeringar.

ARTIKKEL-FORFATTER: Orlogskaptein og lærer ved Sjøkrigsskolen, Tor Ivar Strømmen. Foto: FORSVARET

Diverre er det også eit resultat av ei militær leiing som i svært avgrensa grad har evna å heve seg over den daglege dont – ei leiing som har gitt mange råd, men som i svært lita grad har tydeleggjort konsekvensar av den gjennomgåande og vedvarande ubalansen mellom ambisjonar og mål versus ressursar og organisering. Ei militær leiing som har vore svært lojal og lydig mot regjeringsapparatet. Lojal skal Forsvaret sjølvsagt alltid vere, men lydig? Når Forsvaret si i særklasse viktigaste oppgåve er å sikre vår fridom, politiske handlefridom og vår statstryggleik, så krev det også at ein er ulydig og taler byråkrati og politikarar mitt imot når det trengs.

Ein profesjon sitt viktigaste kjenneteikn er at profesjonen er satt til å forvalte ei oppgåve på vegne av oss alle og med bakgrunn i den særskilte innsikt og kunnskap som berre profesjonsutøvarane sit på. Når regjering etter regjering, Storting etter Storting, slett ikkje synast å ha forstått korkje utfordringar, status, trugslar eller korleis deira vedtak påverkar Forsvaret og ikkje minst forsvarsevna vår, og dimed vår felles nasjonale tryggleik, så er det noko som er svært galt. Når det i tillegg er slik at det er mest berre nokre obstanasige forskarar, og somme pensjonerte flaggoffiserar, som roper varsku og prøver å påpeike manglar og feil, i alle fall i det offentlege rommet, så har me laga oss eit system som slett ikkje fremjar statstryggleik på ein god og truverdig måte.

(Artikkelen fortset under biletet.)

FÅR KRITIKK: General og forsvarssjef Eirik Kristoffersen og hans underordnede må gi et mer ærlig bilde av hvordan det faktisk står til med den operative evnen, skriver artikkelforfatteren. Her taler Kristoffersen på Akershus festning da han tok over som ny forsvarssjef 17. august 2020. Foto: TORBJØRN KJOSVOLD/FORSVARET

Me har dessutan sett mange og omfattande organisatoriske endringar i Forsvaret, endringar som tek ansvar og handlingsrom frå dei militære sjefane og gjer Forsvaret til ei rad med ulike driftseiningar med meir eller mindre dårleg samvirke og utan felles målsetjingar. Me har i dag eit system kor forsvarsgreinsjefar og lågare sjefar har svært avgrensa handlingsrom for å få sine respektive forsvarsgreiner med meir til å fungere optimalt innanfor gitte rammer. Dette har vore ei villa utvikling, ei utvikling styrt av marknadsøkonomiske idear, av maktpolitikk og av ein ide om at ein kan regulere og organisere seg vekk frå utfordringar. Gjennom slike organisatoriske grep har me også skapt oss eit system med svært mange høvdingar og få indianarar, med eit omfattande internt økonomisk samhandlingssystem, og eit system kor ingen – sjølv ikkje Forsvarssjefen – har røynleg kommando og kontroll, styring eller prioriteringsansvar over alle dei ressursar ein treng for å levere gode og effektive kampeiningar. Dette fører til at alt blir tungrodd, til omfattande øyding av ressursar og til manglande heilskapstenking i dei prosessane som skal skape eit best mogleg forsvar innanfor gitte rammer.

Me <har> (…) eit system, som i sin lydigheit ovanfor overordna ofte, i alle fall tilsynelatande, vaskar og glansar rapportar og innspel.

Om ikkje dette er ille nok, så har me også eit system, som i sin lydigheit ovanfor overordna ofte, i alle fall tilsynelatande, vaskar og glansar rapportar og innspel. Få på lågare nivå i Forsvaret kjenner seg igjen i dei bileta leiinga og departementet presenterer av stode og utvikling. Det er sjølvsagt tenkeleg at den einskilde på lågare nivå manglar oversikt, forståing og ser mest kva som er deira subjektive utfordringar, men det er diverre langt høgare sannsyn for at dette er eit resultat av at ein ikkje ynskjer å framstille eigne resultat i eit negativt ljos og at ein har ei grad av konfliktsky framferd for å unngå å stille overordna og det politiske nivået i eit uheldig ljos.

Noreg har altså fått eit system kor lydigheit og å sitje stille i båten er viktigare enn sannferdig rapportering og eit å opplyse det folket ein er satt til å tene om røynleg status og trong på basis av ein profesjonelle innsikt.

Dette er harde ord, men stundom må ein bruke harde ord for å vekkje folk og folkevalde. Stundom må ein faktisk ta til motmæle mot eit system som har gjort oss nærmast forsvarslause – eit system som over tid har dulla oss inn i ei tru på at Forsvaret berre er eit naudsynt vonde, ein utgiftspost, framfor å vere eit av dei viktigaste verktøya staten har for å sikre fridom, handlefridom og ei framtid på våre eigne premiss. Eit Forsvar både politikarar og sjefar har skildra som sterkt, robust og adekvat, men som faktisk er svakt, har alvorlege manglar over heile lina og som slett ikkje greier å handsame sjølv ei svært avgrensa vernebuing utan å legge vekk store delar av fredsdrifta.

(Artikkelen fortset under biletet.)

INGEN STORE ENDRINGER: Tor Ivar Strømmen slår fast at de beredskapstiltakene som hittil er iverksatt, før og etter den russiske storinvasjonen av Ukraina i februar i år, ikke er omfattende eller spesielt ressurskrevende. Likevel har det allerede brakt dagens forsvar til bristepunktet. Her et bilde Forsvaret selv har tatt for å vise tilstedeværelse ved norske olje- og gassinstallasjoner, representert ved fregatten KNM Thor Heyerdahl ved Mongstad 30. september 2022, få dager etter sabotasjen mot Nord Stream 1 og 2 i Østersjøen. Foto: FORSVARET.NO

La meg utbrodere nokre av påstandane mine. Dei vernebuingstiltaka som regjeringa har satt i kraft dei siste vekene, og dels sidan vinteren 2021, er korkje omfattande eller veldig ressurskrevjande. Likevel har me raskt nådd ei stode kor Forsvaret ikkje lengre evner å handsame sjølv desse små og altfor forsiktige tiltaka utan vesentlege endringar i korleis Forsvaret opererer, øver og ressurssetje ulike aktivitetar. Dette syner eit forsvar mest utan evne til å levere noko utover den daglege drifta, eit forsvar utan djupne og bredde i struktur og andre innsatsmidlar, eit forsvar kor svært lite fungerer slik det tenkt – og ofte er påstått å vere. Det burde vere sjølvsagt at Forsvaret hadde skalerbar kapasitet, uthaldingsevne og ressursar til å gjennomføre auka og skarp aktivitet over tid og i vesentleg omfang utan å måtte setje normal verksemd på kvil.

Det var sjølvsagt ikkje slik at det Forsvaret me hadde før var god til alt og utan vesentlege utfordringar, men det var i alle fall eit Forsvar bygd opp kring vernebuing, kring evne til raskt å auke kapasitet og verksemd, og som var lagd for å stå i det over tid. Det var eit Forsvar som var vesentleg meir robust i møte med det ein ikkje viste kom, som hadde noko evne til å justere seg, og eit Forsvar med evne til å skalere opp og ned ulik aktivitet nett etter trong og hending. Sjølvsagt hadde ikkje ei direkte vidareføring av Forsvaret frå 1989 vore den rette løysinga i dag, i morgon, eller i førre tiår, men ei vidareføring av ein del av grunnprinsippa bak eit dette forsvaret, som vernebuing og totalitet, hadde nok stått seg langt betre i dag enn kva det me har no syner seg å gjere.

Me har fått eit Forsvar kor jagarflya står på flyplassar utan skikkeleg korkje passiv eller aktiv trygging, til eit Forsvar kor mange av Marinen sine fartøy aldri har vore fullt operative, til eit Forsvar kor ein manglar folk, kompetanse, øving, reservedelar og ammunisjon i mest alle ledd og avdelingar.

20-30 år med svelteforing og med fokus på å levere små kapasitetar til diverse internasjonale bidrag har leia oss til eit Forsvar som knapt evner å gjere sjølv dette utan alvorleg rovdrift på materiell, folk og kompetansebygging. Me har fått eit Forsvar kor jagarflya står på flyplassar utan skikkeleg korkje passiv eller aktiv trygging, til eit Forsvar kor mange av Marinen sine fartøy aldri har vore fullt operative, til eit Forsvar kor ein manglar folk, kompetanse, øving, reservedelar og ammunisjon i mest alle ledd og avdelingar. Eit Forsvar som korkje kan vedlikehalde, forsyne, byggje kompetanse eller agere utan å bli satt i krisevernebuing – og sjølv då vil det i beste fall vere relativt marginale betringar i kapasitet.

Dette Forsvaret har me fått med di våre styresmakter har tilpassa Forsvaret til simple framskrivingar av det tryggleikspolitiske bilete i nær fortid – ein har planlagt Forsvaret på basis av notid og fortid, og ikkje på basis av kva me skal forsvare eller med omsyn til at tryggingspolitiske stoder har ein tendens til å endre seg over natta og sjeldan utviklar seg lineært. Me har fått vårt noverande og sterkt mangelfulle Forsvar med di få har lytta til korkje åtvaringar eller påpeiking av faktisk stode, og med di det mest aldri har vore samsvar mellom ressursar og oppgåver.

(Artikkelen fortset under biletet.)

STORE MANGLER: Det mangler teknikere og det er andre store utfordringer for at de nye F-35 kampflyene skal kunne produsere operativ evne. Her flyr fem F-35 kampfly over Akershus festning under 75-årsmarkeringen for frigjøringen 8. mai 2020.  Foto: LISE ÅSERUD/NTB SCANPIX

At våre politiske styresmakter ser det som ynskjeleg å bruke minst mogleg pengar på Forsvaret bør ikkje forundre nokon, men at dei ikkje har hausta høglytt og offentleg motbør frå dei som faktisk skal rådgje dei – det bør forundre oss alle. Dette kan bety lite anna enn at korkje politikarar eller den militære leiinga har forstått Noreg sin geopolitiske og geostrategiske situasjon utover kva som allereie har skjedd og ei enkel framskriving av dette. Eventuelt må det bety at me har hatt rådgjevarar til dei politiske styresmaktene som har vore blindt lydige og som har unnlate å fortelje kva status er og kva konsekvensar av politiske avgjersler vil bli. Båe deler er i beste fall uheldig – og har skodd oss svært dårleg for å handsame framtida når den no openberar seg.

Ser me ei endring no? Pressekonferansen på måndag syner slett ikkje teikn på endring. Der hadde me ein Forsvarssjef som seier at dette ikkje er tida for å be om meir ressursar – når skulle då tida vere? Me har ein Forsvarsminister og ein Forsvarssjef som tilsynelatande trur at eit faseskifte skal sikre at vesentleg meir av vårt Forsvar skal virke, og ein regjeringssjef som snakkar om at det ikkje finnast nokon direkte trugslar. Ein trugsel består som kjent av evne og vilje, men vil ikkje materialisere seg som hendingar før ein også har eit føremål med hendinga av større verdi enn sannsynlege kostnader. No har me eit Russland som utvilsamt har stor og mangslungen evne til å råke oss, som med all tydelegheit har synt vilje til å bruke militærmakt som utanrikspolitisk middel, og eit Russland som er så pressa at mest alle rådgjerder som kan betre deira politisk-strategiske situasjon vil bli vurdert – dei har altså eit føremål og ei eksistensiell krise som formar deira kostnytte-vurderingar og risikovilje. Om dette ikkje er ein klar og direkte trugsel, så veit ikkje eg kva som er ein klar og direkte trugsel.

Det er på tide at keisaren sine nye klede blir omtalt, at me stiller tydelege krav til våre folkevalde og at våre militære leiarar seier klart i frå – til oss alle – om kva dei har trong for og kvifor.

Det er faktisk på tide å ta eit oppgjer med korleis vår felles tryggleik blir ivaretatt av regjering, Storting og militær leiing. Det er på tide at keisaren sine nye klede blir omtalt, at me stiller tydelege krav til våre folkevalde og at våre militære leiarar seier klart i frå – til oss alle – om kva dei har trong for og kvifor. Tida for politisk styring av faglege råd, for marknadsliberalistiske forvaltingsidear og pulverisering av ansvar må vere forbi. Om ikkje, så vil me berre halde fram på ein kurs som røynleg tek frå oss handlingsrom, som gjer oss Europa sin Akilleshæl og set oss i ei stode kor framtida blir langt farlegare enn den må vere.

Det første steget for å rette opp stoda må vere å tilføre midlar i eit slikt omfang at Forsvaret i det minste kan tette dei største hola med omsyn til materiell, vedlikehald og ammunisjon. Eit anna steg må vere å fjerne byråkratiske hindre for oppbemanning og kompetansebygging. Eit tredje, og kanskje eit av dei viktigaste, må vere å begynne å snakke sant om ting. La folket vite og la folket krevje, lur oss ikkje til å tru at me har dei verktøya landet treng. Alle bør forstå at eit fregattvåpen ein ikkje har fått fullt operativt på 15 år neppe blir vesentleg meir operativt over natta berre med di ein legg om verksemda frå fredsdrift til krisedrift – og at det hjelper lite med fleire F35 i Noreg – så lenge Luftforsvaret ikkje kan drifte desse i ein høgintens operasjon, og har dei ståande på flystasjonar nærmast utan luftvern. Men er det nokon som seier dette høgt blant våre leiarar?

***

Tips oss: Vet du noe om denne saken eller har du nyhetstips om andre saker du vil at vi skal skrive om? Ta kontakt med oss, enten på post@aldrimer.no eller via det krypterte kontaktskjemaet på våre nettsider eller send en kryptert melding via appen Signal til tlf. 4177 5050.

Støtt oss: Vi blir veldig glade dersom du ønsker å støtte vår kritiske og uavhengige journalistikk økonomisk. Mer informasjon her.

Tor Ivar Strømmen

Tor Ivar Strømmen er forsker, PhD-stipendiat og lærer ved Sjøkrigsskolen. Han forsker på sjømaktsteori i et kyststat/småstats-perspektiv og underviser, rettleder og forsker på feltene maritim strategi, sjømaktsteori, maritim operasjonskunst, sjøkrigshistorie og forsvarsplanlegging. Strømmen er utdannet innen skipsprosjektering ved NTH, har bachelor fra NTNU og en master i historie fra Universitetet i Bergen. Han ble uteksaminert fra Sjøkrigsskolen i 2003. Han har 15 års operativ tjeneste på MTB, fregatt, fra SNMG1 og som N3. Hans militære utdanning inkluderer Maritime Warfare Course fra Royal Navy, AEGIS-utdanning fra US Navy, og langkurs maritime operasjonar og utdanning innen etterretning. Den operative tjenesten hans har i hovedsak vært innen planlegging, gjennomføring og evaluering av maritime operasjoner og innan C4ISR. Tilsatt ved Sjøkrigsskolens seksjon for sjømakt siden 2014, de siste årene som hovedlærer i maritime operasjoner.

14 comments

  • Ola Mosberg

    02/11/2022 at 14:58

    Vil bare takke Strømmen for at vi nå endelig har en offiser som i klar tale tar bladet fra munnen. Jeg har sagt det før og gjentar at nå må forsvarsjef Eirik Kristoffersen bli noe mere foroverlent og fortelle i klart språk hva politikere både i regjering og storting hva de holder og konsekvensene av dette. Dessverre ser det ikke ut som om Støre forstår noen ting av dette. Han babler i vei med ei halvkveda vise som sikkert skal berolige befolkningen samtidig som også han vil berolige seg selv. Dette er det værste som er. Vi blir tatt med buksa helt nede på anklene og det vil bli armer og bein uten at det resulterer i noe bedre forsvar. Apropos fregattene. Det er politikerne som må bære det hele og fulle ansvaret for at disse til dags dato ikke har vært 100% operative. Det er også en skandale at flere av marinaenes fartøyer seiler rund med så godt som ingen ammunisjon slik at det eneste de kan gjøre for å Berge skip og mannskap er å stikke av. Igjen en meget god artikkel fra Strømmen. Det er nå bare å håpe at noen kan ta alvoret inn over seg.

    Reply

  • Rino Paus

    02/11/2022 at 16:11

    Dessverre må jeg tiltrede disse betraktninger av Strømmen! Det er mang en leder i Forsvaret som har sittet stille i båten og dermed nådd til topps!
    I tillegg har vi politkerne som ikke tror det som skjer foran deres øyne !

    Reply

  • odd-arthur larsen

    02/11/2022 at 16:24

    Meget bra beskrivelse av situasjonen. Savner at flere som fortsatt har uniformen på, sier noe om det fatale situasjonen, og gjerne noen flagg-offiserer, – som sagt «mens de har klærne på»!
    At vi har en forsvarsminister som virker meget utilpass (på bortebane?) er en ting, – men når landets statsminister klarer å lire av seg det han gjør, må noe reise seg. I FD har vel 3 av 4 etatsjefer gode grunn ti å se i gulvet, nå som Riksrevisoren har vært på besøk. Så nå må det handplukkede FSJ bli «litt høyer & mørker». Vil forundre meg om det finns mange i Oslo Dep som er fornøyd med at Tyskland passer på vår kyst /hav og HV på viktige land-installasjoner. Vår taktiske helikopter-flåte står hhv parkert i hangarer på Rygge og Bardufoss. Er litt for galt at jurister & økonomer bestemmer hva vi kan få på vingene..

    Reply

  • Jon Faret

    02/11/2022 at 19:03

    Noe av det beste, mest rakryggede og korrekte jeg har lest om Forsvaret fra en tjenestegjørende offiser. Dette bør komme våre hovedstadsmedia for øret, og spres på alle steder det er mulig.
    Personlig har jeg tatt meg friheten av å dele dette som en kommentar på Forsvarssjefens FB profil under hans presentasjon og utdyping av den nye beredskap. Vi får se om det overlever.
    Hadde våre høyere offiserer hatt et slikt mot som denne OK, hadde vi ikke stått der vi er i dag.

    Reply

  • Roger Dyrøy

    02/11/2022 at 20:03

    Takk til AldriMer og takk til artikkelforfatter! Den PK Oslo-eliten forstår tilsynelatende lite av situasjonen, de er som paralysert. Nok en gang opplever vi nesten nøyaktig det samme som skjedde i 1939. Jeg har i lang tid ergret meg av å kjøre forbi Haakonsvern bare for å se at de samme fregattene ligger der dag etter dag, uke etter uke. Vi vet alle om historiene om helikopter, fly, nye så vel som gamle, og mangel på det meste. For ikke å nevne kutt i trykking av kanskje det viktigste våpenet vi har, Plakaten på veggen! Dette er grundig dokumentert blant annet av Aldrimer.no
    https://www.aldrimer.no/tv-dokumentarer/

    Mitt håp er at flere våger å stå frem slik som Strømmen, særlig rundt om kring i det ganske land. Oslo virker nærmest som en tapt by, de later til å ikke forstå sitt eget beste, med eller uten luftvern.
    https://no.wikipedia.org/wiki/Plakaten_p%C3%A5_veggen
    https://www.youtube.com/watch?v=OcF_iLPzWtM

    Reply

  • Gunnar Aarseth

    02/11/2022 at 21:27

    En korrekt, men og en dyster beskrivelse av situasjonen. Strømmen sier det mange vet er sannheten, men de færreste våger å si. Vi har fått en svært topptung etat, som er «omskapt» til å fremheve noen elitestyrker på bekostning av bredden og annen militær ekspertise. Når en lytter til statsministeren og statsråden sine uttalelser, så kan en jo få inntrykk av at vi er «verdens beste» i alt. Det var direkte flaut å høre begrunnelsen for at utenlandske styrker nå er de som skal sørge for trygghet på sokkelen. Det er påtagende hvor viktig og selvsagt ting «plutselig» har blitt for politikerne, de som vil vite har god kjennskap til hvordan den politiske unnfallenheten har vært i noen tiår.

    Reply

  • Geir E Flage

    02/11/2022 at 21:40

    Gi Tor Ivar Strømmen en times taletid fra Stortingets talerstol med PLIKTIG frammøte for de folkevalgte slik at disse kan få et sannhetens ord fra en virkelig fagmann; en fagmann som ser det store bildet og kan påpeke den skremmende negative utviklingen og statusen til Norges forsvar.

    Reply

    • Roar Indergaard

      03/11/2022 at 21:39

      Roar Indergaard.
      Jeg har over mange år sett nedskaleringen av Norges forsvarsevne og det er meget skremmende at de norske folkevalgte overhodet ikke klarer å ta inn over alvoret. Slik var det også under opptakten til 2 verdenskrig hvor alt gikk på naivitet og en tro på at dette skjer ikke hos oss! Dette gjentar seg desverre på nytt og det er i seneste laget å å starte oppbyggingen når vi ser hva som skjer på krigsfronten.

      Tor Ivar Strømmen bør få en hel dag i møte med regjeringen. Tror ikke at det medfører noen spesielle endringer i den forsvarspolitiske settingen. Hele administrasjoen i Forsvaret inkludert Kristoffersen må gi et tydeligere signal om at det må avsettes midler til opprusting av hele forsvaret. (Alle grener) . Forsvaret har etterslep på alt av materiell og mannskap og vi trenger år å få dette opp å gå. Som veteran skjemmes jeg over holdningen politikerne innehar.. Det hjelper ikke å spytte i eks.vis en sum på 3 miiliarder når halvparten går til avdrag på lån/ drift og vedlikehold til forsvarets bygningsmasse. Katastrofale feilkjøp av helikopter, 5 fregatter (Heyerdal hugget. En annen kanibalisert for reservedeler. En annen utlånt til Nato. 50 år gamle ubåter. Lite eller intet luftvern, Mangel på teknikere over hele linjen, Kan fortsette slik , men politikerne velger heller å se ned og lever fortsatt i den tro at ingenting vil skje med Norge. Vi er jo tross alt en fredsnasjon. Noen må gi beskjed i klartekst slik at forsvaret får de absolutt nødvendige økonomiske midlene til å fremstå som troverdig som beskyttelseskilde for Norge og dets innbyggere. Dette faller ene og alene på Stortingets unnfallenhet over hele partilinjen.

      Reply

  • Dag Sæther

    03/11/2022 at 08:55

    Endelig fakta på bordet.

    Reply

  • Rune Øverås

    03/11/2022 at 14:49

    Takk til Strømmen!
    Dette er et viktig bidrag for å få hull på den ballongen som blir flagget og hyllet (av sentrale politikere) som «historisk satsing» på Forsvaret.
    Og særdeles viktig at en sjef har anledning til å kalle en spade for en spade.
    Vi er mange i Forsvaret som gremmes over alle de fine ordene som har blitt brukt siste årene, ifm den «historiske satsingen».
    Nå er tiden inne for å FAKTISK styrke Forsvaret.

    Det sier VELDIG mye det den forrige amerikanske ambassadøren nylig sa om Norges satsing på forsvar:

    «- Jeg ble ganske knust da jeg så forsvarsbudsjettet
    her om dagen.
    – Det er trist, trist for folk i Norge, fordi dere er så
    avholdt og har så godt rykte. Alle andre land har
    rustet opp etter Russlands invasjonskrig, mens
    Norge holder tilbake, til tross for det siste halvårets
    enorme inntekter for landet. Nå blir Norges rykte
    tilsmusset fordi dere ikke tar ansvaret for resten av
    alliansen.»

    Reply

  • Bernhard Rytter

    03/11/2022 at 18:45

    Verdifull lesning, burde vært pensum for regjerings-og stortingspolitikere. Over statsbudsjettet, via departementene, styres offentlige virksomheter med hard hånd. Ansvaret hviler på disse, våre folkevalgte. Om det skulle gå riktig ille, holder det ikke med et rosehav på et passende sted .

    Reply

  • Bjørn Humblen

    23/12/2022 at 00:58

    Det står altså like dårlig til med det norske sjøforsvaret som med landstridskreftene. Ifølge vår tidligere Veteran-general kan Hæren ikke forsvare stort mer enn en bydel i Oslo. Vi er igjen i (nesten) den samme situasjon som vi var i på 30-tallet med den «brukne geværs» strategi. Heldigvis så er ikke Russland særlig interessert i å erobre nytt land, men i å beskytte de russisktalende minoritetene i alle tilgrensende land. Spesielt områdene som i hundrevis av år har vært en integrert del av det russiske riket med overveiende etnisk russisk befolkning, språk, religion og kultur.

    Skulle NATO komme i skuddlinjen blir et angrep mot Norge lite sannsynlig hvis Sverige og Finnland står utenfor. Da måtte Russland jo kjempe seg gjennom Finnmark, Troms og hele Nordland for å få kontroll over Norskehavet. Blir hele Norden med i NATO må Norge også i tillegg forsvare seg langs grensen fra Enare-sjøen til Båhuslén. Dette har vi ikke styrker til.

    Den britiske forsvarsjefen skal ha sagt i en tale at målet er å utslette Russland. Om det er målsettingen for USA og NATO så blir krigen i Ukraina en langdryg affære. Omlag 39% (ca. 15 millioner) av Ukriainas befolkning har russisk som morsmål. Å rense Ukraina for russisktalende eller tvangsassimilere disse vil ta mange år og kommer til å bli en blodig affære. Deretter står jo Moldova, Georgia, Hviterussland og alle de baltiske statene for tur før vi kan angripe selve Russland.

    Det ser ut til at USA og NATO ikke skjønner at krigen i Ukraina er eksistensiell for Russland og russerene. Uten at Ukraina forblir nøytralt og gir de russisktalende beskyttelse og like språklige, religiøse og politiske rettigheter blir det ikke fred. Russland har alle de ressursene de trenger for å overleve som stat i 1000 år. De er også den største atommakten i verden. «Before you go to War – Count the Cost» er rådet til Sun Tzu. Kanskje er det det den norske regjeringen har gjort?

    Reply

    • Kjetil Thue

      02/02/2024 at 16:27

      Der bor mange russere i Finnmark. Bare nevner det.

      Reply

  • Kjetil Thue

    02/02/2024 at 16:25

    Det er politikerne som utpeker forsvarssjefen. Etter Fredrik Bull Hansen som talte i klartekst, har de samme politikerne utpekt kun forsvarssjefer som går stille i dørene.

    Reply

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

 

Aldrimer.no er medlem av Fagpressen.
Ansvarlig redaktør Kjetil Stormark.

Nyhetstips? Send e-post til post@aldrimer.no eller kontakt oss på 4177 5050. For sikker og kryptert kommunikasjon, send mld til 4177 5050 via appen Signal.

Aldrimer.no arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Du kan også klage inn saker til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Se www.pfu.no.